Hopp til innhold
 Orrhane. Foto: Steve Garvie, flickr.com
Orrhane. Foto: Steve Garvie, flickr.com
X
Innhald

Orrfugl

Orrfugl, Tetrao tetrix, er ein hønsefugl som finst i lauv- og barskog over heile landet. Den 55 cm lange hannen, orrhanen, er blåsvart med lyreforma stjert som er lysande kvit under. Hoa, orrhøna, er 45 cm lang og brunspraglete. Orrhanen er polygam, og paringa går føre seg på leiken. Orrhøna legg egga i eit godt skjult eller ope reir på bakken. Dei fleste orrfuglane er svært stasjonære.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2012
Sist oppdatert: 09.11.2012