Hopp til innhold
 Pelikanar. Foto: Bill
Pelikanar. Foto: Bill
X
Innhald

Pelikanar

Pelikanar, Pelecanidae, er ein familie av sju store vassfuglartar. Dei har langt nebb med ein elastisk pose på undernebbet. Vekta er 5–11 kg, og vengespennet kan vere opptil 2,7 m. Pelikanane hekkar i koloniar: Dei største koloniane vert danna av kvitpelikanane i Tanzania og er på 40 000 par. Mange artar har minka sterkt på grunn av giftige landbrukskjemikalium i fisken dei et, på grunn av forfølging eller ved at hekkeområda vert øydelagde ved drenering og utbygging.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2012
Sist oppdatert: 09.11.2012