Hopp til innhold
Pingvinar i Antarktis. Foto: Barbara Avalos, kjelde: Guillermo Avalos, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
Pingvinar i Antarktis. Foto: Barbara Avalos, kjelde: Guillermo Avalos, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

Pingvin

Pingvinar, Sphensciformes, er ein orden med 17 artar som lever på den sørlege halvkula. 

Pingvinane har ein storleik på 30–120 cm. Størst er keisarpingvinen. Han måler om lag 120 cm og veg 20 kg.

Pingvinane er tilpassa eit liv i vatn, særleg på den sørlege halvkula. Kroppen er fjørkledd og kompakt, og dei sym og dykkar godt med dei finneliknande vengene. Dei kan ikkje flyge. Pingvinar er svært sosiale.

Sjå BBC-video av pingvinar i Antarktis:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2012
Sist oppdatert: 21.11.2017