Hopp til innhold
X
Innhald

Rugde

Rugde, Scolopax rusticola, er ein om lag 35 cm lang vadefugl. I forplantningstida flyg hannane lågt over tretoppane, gjerne etter faste ruter, i såkalla «rugdetrekk». Rugda hekkar relativt vanleg både i lauv- og barskog over det meste av landet. Ho er trekkfugl, men enkelte individ overvintrar, særleg langs kysten av Sør-Vestlandet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2012
Sist oppdatert: 13.11.2012