Hopp til innhold
 Sidensvans. Foto: GlacierNPS, flickr.com
Sidensvans. Foto: GlacierNPS, flickr.com
X
Innhald

Sidensvans

Sidensvans, Bombycilla garrulus, er ein 20 cm stor sporvefugl. Han er på storleik med ein trast. Lokketonen er ein fin, trillande låt. Sidensvansen hekkar vanlegvis fåtalig berre i Finnmark og austover. Enkelte år kan han opptre i store mengder, og nokre fuglar hekkar da langt sør i Fennoskandia.
 
Sidensvansen opptrer i oktober–november i mindre eller større flokkar i låglandet. Han et bær. Mange held seg i Sør-Noreg vinteren gjennom, andre dreg vidare sørover, kanskje heilt til middelhavslanda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2012
Sist oppdatert: 13.11.2012