Hopp til innhold

 Sildemåke. Foto: Etljo Poort, flickr.com
Sildemåke. Foto: Etljo Poort, flickr.com
X
Innhald

Sildemåke

Sildemåke, Larus fuscus, er ein 56 cm stor måke. Lokalt vert han kalla gulføting eller gulfoting. Han hekkar i koloniar langs heile kysten. Frå Trøndelag og nordover har bestanden minka drastisk, truleg på grunn av mangel på mat, det vil seie småfisk. Sildemåken er ein trekkfugl som dreg i august–november til Sørvest-Europa og Nord-Afrika, men enkelte individ overvintrar langs norskekysten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2012
Sist oppdatert: 13.11.2012