Hopp til innhold
 Orrfugl. Foto: Steve Garvie, flickr.com
Orrfugl. Foto: Steve Garvie, flickr.com
X
Innhald

Skogshøns

Skogshøns, Tetraonidae, er ein familie av 16 hønsefuglartar som lever på den nordlege halvkula. Føda er vesentleg vegetabilsk. Enkelte artar er polygame. Hannane samlar seg på særskilde spelplassar der dei utfører paringsleikar og parar seg med hoene. I Noreg hekkar storfugl, orrfugl, jerpe, lirype og fjellrype.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2012
Sist oppdatert: 13.11.2012