Hopp til innhold
 Foto: Mike Baird, flickr.com
Foto: Mike Baird, flickr.com
X
Innhald

Snipefamilien

Snipefamilien, Scolopacidae, er ein familie som omfattar om lag 70 vadefuglartar som nesten berre hekkar på den nordlege halvkula. Dei vert ofte delte inn i småsniper, det vil seie slekta Calidris, storsniper, som er slekta Tringa, brushanar, rugder og spovar.
 
Snipene byggjer reir på bakken, med unnatak av skogsnipa, som oftast bruker gamle trostereir. Snipene er stort sett trekkfuglar som overvintrar sør for hekkeområdet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012