Hopp til innhold

 Snøugler. Foto: Ingrid Taylar, flickr.com
Snøugler. Foto: Ingrid Taylar, flickr.com
X
Innhald

Snøugle

Snøugla er ei av dei største uglene våre.

Snøugle, Nyctea scandiaca, vert 60–65 cm stor. Ho er ei av dei største uglene våre. Ho er svært sjeldan i fjelltraktene frå Hardangervidda og nordover. Ho sit ofte på ein morenehaug og speidar etter smågnagarar.
 
Snøugla vert lokalt ofte kalla lemengris eller kvitørn. Ho hekkar berre i år med mykje smågnagarar. Ho legg egga i ei grop i bakken. Snøugla er ein streiffugl med vekslande og til dels ukjent vinterkvarter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2012
Sist oppdatert: 19.02.2013