Hopp til innhold
 Fuglekonge. Foto: Frank Vassen, flickr.com
Fuglekonge. Foto: Frank Vassen, flickr.com
X
Innhald

Songarar

Songarar, Sylviidae, er ein familie av om lag 340 artar små sporvefuglar. Dei er for det meste utbreidde på den austlege halvkula, det vil seie Afrika, Europa, Asia og Australia.
 
I Noreg hekkar 15 artar, og 13–14 artar er observerte på trekk. Rugefuglane er fordelte på seks slekter. Den første av desse er grashoppesongarar, der vi finn grashoppesongar. Den andre er sivsongarar, med sivsongar, myrsongar og røyrsongar. Den tredje slekta er gulsongarar, med gulsongar. Den fjerde er sylviasongarar, som har møllar, munk, hauksongar, tornsongar og hagesongar. Den femte slekta er bladsongarar, med lappsongar, bøksongar, gransongar og løvsongar. Den sjette slekta er fuglekongar, der vi finn fuglekonge. Alle artane våre er trekkfuglar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012