Hopp til innhold
X
Innhald

Songsvane

Songsvane, Cygnus cygnus, er ein kvit andefugl med lang hals. Ho vert inntil 1,5 m lang. Ho sym med rett hals. Nebbet er svart med gul basis. Låten til songsvana liknar lyden frå ein trompet. Ho hekkar sparsamt på myrområde i Nord-Noreg; men det er gjort enkelte funn av hekkestader lengre sør. Om vinteren opptrer ho flokkvis ved ope vatn i innsjøar og elvemunningar.
 
Songsvana er ein trekkfugl som dreg frå hekkeområda i september–oktober og overvintrar langs kysten eller delvis inne i landet. Vårtrekket skjer i mars–april.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012