Hopp til innhold
 Spettefugl. Foto: Herry Oldenettel, flickr.com
Spettefugl. Foto: Herry Oldenettel, flickr.com
X
Innhald

Spettefuglar

Spettefuglar, Piciformes, er ein orden av nær 400 fugleartar. Dei lever hovudsakleg i trea. Fuglane er tilpassa til å klatre ved at føtene har to tær framover og to bakover. Nebbet er kraftig.
 
Ordenen omfattar seks familiar. To av desse er jakamarer, Galbulidae, og dovenfuglar, Bucconidae. Begge desse finst i Mellom- og Sør-Amerika. Vidare har vi familien skjeggfuglar eller skjegg-gaukar, Capitonidae. Dei finst i alle tropiske skogar. Honninggaukar, Indicatoridae, finst i Mellom- og Sør-Amerika, medan tukanar, Ramphastidae, finst i tropiske skogar i Amerika. Den siste familien er ekte spettar eller hakkespettar, Picidae. Dei er utbreidde over heile verda med unnatak av Australia og øyane i Stillehavet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012