Hopp til innhold
 Spettmeis. Foto: capitphil, flickr.com
Spettmeis. Foto: capitphil, flickr.com
X
Innhald

Spettmeis

Spettmeis, Sitta europaea, er ein 15 cm stor sporvefugl. Han klatrar rykkvis på trestammar. Han er den einaste av fugleartane våre som også kan klatre nedover med hovudet først. Spettmeisen hekkar i trehol i lauv- og blandingsskog på Austlandet og langs kysten nordover til Trondheimsfjorden. Han hamstrar næring om sommaren og hausten. Spettmeisen er standfugl. Særleg i Sør-Noreg får ein i enkelte år om hausten besøk av den austlege underarten sibirspettmeis.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012