Hopp til innhold

 Foto: Gustavo Duràn, flickr.com
Foto: Gustavo Duràn, flickr.com
X
Innhald

Sporvefuglar

Sporvefuglar, Passeriformes, er ein fugleorden som omfattar om lag 5000 artar. Ordenen utgjer nær 2/3 av alle fugleartane. Den største underordenen er songfuglar, Oscines. Sporvefuglane er utbreidde over heile verda med unnatak av dei kaldaste polarstrøka. Foten er karakteristisk. Han har tre tær framover og éi bakover, og alle sit i same plan, såkalla sitjefot. Alle sporvefuglar er landfuglar, og fleirtalet er knytte til terreng med skog eller buskar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012