Hopp til innhold
 Sporvehauk. Foto: Vitaly Khustochka, flickr.com
Sporvehauk. Foto: Vitaly Khustochka, flickr.com
X
Innhald

Sporvehauk

Sporvehauk, Accipiter nisus, er ein liten rovfugl som ofte opptrer i tettbygde strok. Han vert 30–40 cm stor. Sporvehauken hekkar i skogsområde nord til polarsirkelen. Han byggjer kvistreir. Han er delvis trekkfugl, og dreg i september–oktober til Sørvest-Europa og kjem tilbake i mars–april. Mange individ overvintrar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012