Hopp til innhold
 Sporveugle. Foto: Sergey Yelissev, flickr.com
Sporveugle. Foto: Sergey Yelissev, flickr.com
X
Innhald

Sporveugle

Sporveugle, Glaucidium passerinum, er om lag 17 cm stor. Ho er vår minste ugle. Ho er lite sky og kan ofte sjåast om dagen. Ho finst i bar- og blandingsskog nord til Troms. Føda er mest smågnagarar i smågnagarår og fuglar i andre år. Ho hamstrar næring om vinteren. Sporveugla er stand- og streiffugl.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012