Hopp til innhold
 Stare. Foto: David Hofmann, flickr.com
Stare. Foto: David Hofmann, flickr.com
X
Innhald

Stare

Stare, Sturnus vulgaris, er ein 22 cm lang svart, metallglinsande sporvefugl. Han etterliknar låtane til andre fugleartar. Staren er vanleg over heile landet. Han hekkar oftast i tre- og murhol eller i fuglekassar, ofte i små koloniar. Starane samlar seg i større flokkar før dei i september–november dreg til Dei britiske øyane og i mindre grad til kontinentet. Dei er tilbake alt i februar–april. Ein del individ overvintrar langs kysten av Vestlandet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012