Hopp til innhold
 Tiur. Foto: Lars Falkdalen Lindahl, flickr.com
Tiur. Foto: Lars Falkdalen Lindahl, flickr.com
X
Innhald

Storfugl

Storfugl, Tetrao urogallus, er ein stor hønsefugl. Hannen, som vert om lag 90 cm stor og veg nær 5 kg, vert kalla tiur. Hoa er om lag 63 cm stor og veg 2–2,5 kg. Ho vert kalla røy. Røya liknar på ei orrhøne, men er større og har avrunda stjert. Kryssing med orrfugl, det vil seie mellom orrhane og røy, kan finne stad. Avkommet, rakkelhøns, liknar begge artar.
 
Storfuglen lever i bar- og blandingsskog over heile landet, men han likar seg best i eldre og relativt tett barskog. Under paringsspelet i april–mai samlar tiurane seg på særskilde spelplassar. Om vinteren er furubar den viktigaste næringa. Storfuglen er ein standfugl som er svært stadbunden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2012
Sist oppdatert: 15.11.2012