Hopp til innhold
 Storlom. Foto: Sergey Yeliseev, flickr.com
Storlom. Foto: Sergey Yeliseev, flickr.com
X
Innhald

Storlom

Storlom, Gavia arctica, er ein 75 cm lang symjefugl. Han er ein utmerka dykkar. Storlomen finst fåtalig ved relativt store vatn over det meste av landet. Ein del individ overvintrar langs kysten nord til Trondheimsfjorden, medan andre trekkjer til kystane av andre land langs Nordsjøen. Den norske bestanden har minka dei siste 30 åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012