Hopp til innhold
 Storskarv, foto: Joaquim Coelho, flickr.com
Storskarv, foto: Joaquim Coelho, flickr.com
X
Innhald

Storskarv

Storskarv, Phalacrocorax carbo, er ein om lag 90 cm stor vassfugl. Han ligg djupt i vatnet og sym med hovudet vinkla skrått oppover. Han rører ofte på den lange halsen med buktningar som får han til å likne ein orm.
 
Storskarven dykkar etter fisk. Han hekkar i koloniar langs kysten frå Trøndelag og nordover. Han byggjer store kvistreir. Dei fleste storskarvane overvintrar langs kysten, men enkelte individ dreg til den svenske vestkysten. Den norske bestanden har auka dei siste tiåra og vart rekna til 24 000 par i 1995.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012