Hopp til innhold
 Foto: Steve Garvie, flickr.com
Foto: Steve Garvie, flickr.com
X
Innhald

Storspove

Storspove, Numenius arquata, er vadefugl. Hannen er om lag 55 cm lang, hoa om lag 63 cm. Storspoven hekkar vanlegast på dyrka mark og lyngheier langs kysten. Han er trekkfugl. Hausttrekket startar alt i juni–juli og vert avslutta i september. Truleg er det hoer som gjer det første trekket, medan hannar og ungfuglar gjer det siste. Fuglane kjem tilbake i mars–april. Enkelte individ overvintrar langs norskekysten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012