Hopp til innhold
 Svane. Foto: Camilla Hoel, flickr.com
Svane. Foto: Camilla Hoel, flickr.com
X
Innhald

Svaner

Svaner er langhalsa andefuglar. Næringa er plantekost. Under trekket flyg dei ofte i V-formasjon eller på linje. Det finst éin art svaner i slekta Coscoroba og sju i slekta Cygnus. Den mørke svartsvana, Cygnus atratus, finst i Australia. Svarthalssvana, Cygnus melanocorypha, finst i Sør-Amerika. Dei andre Cygnus-artane er kvite og finst på den nordlege halvkula. I Noreg hekkar knoppsvane, songsvane og dvergsvane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012