Hopp til innhold

 Tårnseglar. Foto: Muchaxo, flickr.com
Tårnseglar. Foto: Muchaxo, flickr.com
X
Innhald

Tårnseglar

Tårnseglar, Apus apus, er ein 19 cm stor fugl som liknar ei svale. Han er ein elegant flygar som held seg i lufta heile dagen. Han kan lett oppnå ein fart på 100 km/t, og han kan sove i flukt. Fluktdistansar på 2000 km ser ikkje ut til å vere uvanleg. Tårnseglaren er ein relativt vanleg hekkefugl nær busetjingar i Sør-Noreg, medan han er meir fåtalig nord for Nord-Trøndelag. Han er ein trekkfugl som alt i august–september dreg til Sør-Afrika. Han kjem tilbake i mai–juni.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012