Hopp til innhold

 Toppdykkar. Foto: Joachim S. Mûller, flickr.com
Toppdykkar. Foto: Joachim S. Mûller, flickr.com
X
Innhald

Toppdykkar

Toppdykkar, Podiceps cristatus, er ein 50 cm stor vassfugl. Om sommaren har han ein todelt fjørtopp på issen og kinnskjegg. Han hekkar ved større vatn med siv- og starrvegetasjon, særleg på Jæren og ved Oslofjorden. Toppdykkaren byggjer ofte flytereir. Nokre individ overvintrar langs norskekysten, andre trekkjer til kontinentet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012