Hopp til innhold
 Nattergal. Foto: Jan Svetlik, flickr.com
Nattergal. Foto: Jan Svetlik, flickr.com
X
Innhald

Trast

Trastar, Turdidae, er ein familie av omtrent 300 sporvefuglartar. Dei er utbreidde over heile verda. Mange er framifrå songarar. Trastane vert ofte delte inn i to grupper, småtrastar og stortrastar. Av stortrastar hekkar gråtrast, ringtrast, svarttrast, raudvengtrast, måltrast og duetrast i Noreg. Av småtrastar kan vi nemne raudstrupe, nattergal, raudstjert, buskskvett og steinskvett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012