Hopp til innhold
 Hubro: Foto: Bas Kers, flickr.com
Hubro: Foto: Bas Kers, flickr.com
X
Innhald

Ugler

Ugler, Strigiformes, orden av kjøtetande fuglar. I Noreg hekkar 10 artar ugler.
Ugler, Strigiformes, er ein orden av kjøtetande fuglar med kort og krumt nebb og lange, krumme klør. Dei store auga er retta framover og omkransa av eit spesielt fjørfelt, sløret.
 
Kattugle. Foto. Chris Paul, CC BY 2.0
Kattugle. Foto. Chris Paul, CC BY 2.0
Hos mange artar er øyrene dekte av rørlege, fjørkledde hudklaffar. Høyrsla er svært god. Dei fleste uglene er nattaktive. Dei om lag 136 artane er delte i to familiar. Dei er sløruglene, Tytonidae, med 10 artar, og dei eigentlege uglene, Strigidae.
 
I Noreg hekkar 10 artar ugler. Det er hubro, snøugle, hornugle, jordugle, perleugle, sporveugle, haukugle, kattugle, slagugle og lappugle. Tårnugla er ein sjeldan gjest i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 18.06.2014