Hopp til innhold
 Foto: Mike Baird, flickr.com
Foto: Mike Baird, flickr.com
X
Innhald

Vadefuglar

Vadefuglar er ei rekkje familiar av myr- og vassfuglar. Dei har stort sett lange og nakne bein og vanlegvis langt nebb og smale, spisse venger. Flukta er rask og elegant. Vadefuglane er utbreidde over heile verda. Hos oss utgjer vadarane ein stor del av faunaen i sommarhalvåret. Alle er trekkfuglar. Låten er oftast kraftig og typisk for arten. Utanom hekketida flyg dei gjerne i store, tettpakka flokkar. I Noreg er snipefamilien, Scolopacidae, den mest artsrike.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012