Hopp til innhold
 Vandrefalk. Foto: Mike Baird, flickr.com
Vandrefalk. Foto: Mike Baird, flickr.com
X
Innhald

Vandrefalk

Vandrefalk, Falco peregrinus, er ein 40–50 cm stor rovfugl. Han er ein ypparleg flygar og kan oppnå ein fart på over 300 km/t. Han er ein svært sjeldan hekkefugl i bratte fjellområde med rikt fugleliv. Sidan 1950-åra har bestanden i Europa og Nord-Amerika minka drastisk på grunn av miljøgifter, fordi ein har øydelagt hekkebiotopar, og fordi samlarar og falkonerar har forfølgt fuglen.
 
I Noreg har bestanden auka jamt sidan 1970-åra og ein reknar med at det er mellom 1600 - 2000 individ. Vandrefalken hekkar oftast nær fuglefjell. Vandrefalken er trekkfugl.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012