Hopp til innhold
 Varslar. Foto: Massimiliano Sticca, flickr.com
Varslar. Foto: Massimiliano Sticca, flickr.com
X
Innhald

Varslar

Varslar, Lanius excubitor, er ein 26 cm stor sporvefugl. Han hekkar i varierande tal i høgareliggjande barskogar og i bjørkeregionen i Sør-Noreg. Han hekkar også i skogar i låglandet i Nord-Noreg. Næringa er større insekt, smågnagarar og småfuglar som varslaren ofte hamstrar og spiddar på tornar eller kvistar. Varslaren er ein streif- og trekkfugl, og vi kan ofte sjå han i låglandet i Sør-Noreg om vinteren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012