Hopp til innhold
 Vendehald. Foto: Vitaly Khustochka, flickr.com
Vendehald. Foto: Vitaly Khustochka, flickr.com
X
Innhald

Vendehals

Vendehals, Jynx torquilla, er ein 20 cm stor fugl. Han høyrer til hakkespettane og har to tær retta framover og to bakover. Han manglar det kraftige nebbet og den stive stjerten til dei eigentlege spettane. Han er derfor sett i sin eigen underfamilie. Vendehalsen hekkar relativt vanleg i hole tre og fuglekassar i lauv- og blandingsskog nord til Drevja i Nordland. Han er trekkfugl.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012