Hopp til innhold
X
Innhald

Dyreriket

Dyreriket omfattar om lag 1,5 millionar nolevande kjende artar. Mange fleire artar, som særleg finst i tropane, er ikkje omtalte.
 
Dyreriket vert tradisjonelt delt inn på følgjande måte:
I. Eincella dyr (Protozoa, urdyr)
II. Svampar (Parazoa)
III. Fleircella dyr, vevsdyr (Metazoa)

1. Nesledyr, polyppdyr (Cnidaria)
2. Flatormar (Platyhelminthes)
3. Rundormar (Nematoda)
4. Blautdyr (Mollusca)
5. Leddormar (Annelida)
6. Leddyr (Arthropoda)
7. Pigghudingar (Echinodermata)
8. Kordadyr (Chordata)
a. Kappedyr (Tunicata)
b. Lansettfiskar (Acrania)
c. Virveldyr (Vertebrata).

Mindre rekkjer er ikkje tekne med. I moderne inndeling vert dei eincella dyra rekna til eit rike av eincella organismar (Protista). Sjå liv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012