Hopp til innhold
Hoggorm
Hoggorm
X
Innhald

Giftige dyr

Giftige dyr finn ein innafor dei fleste rekkjer i dyreriket. Hos nesledyr, for eksempel maneter, er det utvikla nesleceller som dyra bruker til å lamme eller drepe byttet med.
 
Blant leddyr er giftorgan særleg utvikla hos edderkoppdyr, som skorpionar og edderkoppar, og hos insekt, det vil seie årevengjer. Hos virveldyr finst det giftige artar blant fiskane, for eksempel fjesing, og ein finn det hos dei tre krypdyrfamiliane giftøgler, giftsnokar og hoggormar.
 
Periodevis kan også dyr som til vanleg ikkje er giftige, ta opp gift frå miljøet, for eksempel blåskjel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012