Hopp til innhold
X
Innhald

Gjeller

Gjeller er andingsorgan hos vassdyr. Gjellene er hudfoldar med tynne veggar som er rike på blodkar. Gjellene fungerer ved å ta opp oksygen og skilje ut karbondioksid.
 
Hos nokre insekt, fiskar og ormar verkar endetarmen som gjeller. Han vert da fylt med friskt vatn som vert skifta ut med jamne mellomrom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012