Hopp til innhold
X
Innhald

Gnagarar

Gnagarar, Rodentia, omfattar over 2000 artar og utgjer nesten halvparten av alle pattedyra på jorda. Dei har stor utbreiing og lever i dei fleste miljø. Dyra har stor evne til å formeire seg og tilpasse seg. Dei fleste er planteetarar, men mange er altetarar. Framtennene veks heile livet. Gnagarane beveger underkjeven fram og tilbake. Dyra har god høyrsel. Gnagarane vert delte inn i tre grupper. Den første er ekornliknande gnagarar, blant anna beverar. Den andre er rotteliknande gnagarar, blant anna rotter, mus og hamsterar. Den tredje gruppa er marsvinliknande gnagarar, som blant anna omfattar flodsvin, chinchillaer og holepiggsvin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2013
Sist oppdatert: 24.04.2013