Hopp til innhold
Rein.Foto: Geoatlas
Rein.Foto: Geoatlas
X
Innhald

Horn

Horn vert i zoologien brukt om utvekstar på hovudet hos mange hovdyr.
Vi skil mellom fire typar horn. Den første gjeld ekte horn, som vi finn hos dei slirehorna hovdyra, det vil seie antilope, geit, storfe og sau. Horna deira er sette saman av ein beinkjerne som er festa til pannebeinet. Beinkjernen er omgitt av ei hornslire. Dyra ber horna heile livet.
Den andre typen er gevir, som vi finn hos hjortedyra. Dei er forma av bein og vert danna frå beintappar, såkalla rosenstokkar. Hjortedyra feller gevira éin gong i året. Det berre hannen som har gevir, med unnatak av reinen.
Den tredje typen horn finn vi hos nashornet, som har eit horn danna av samanvaksne hår og fortjukka overhud.
 Den fjerde typen har sjiraffen. Det er korte beinutvekstar frå hovudskallen, dekte av hud.
I musikken vert nemninga horn brukt om blåseinstrument. Opphavleg vart desse framstilte av dyrehorn, no vert dei laga av metall. I symfoniorkesteret tyder nemninga horn alltid valthorn. Det er eit sirkelforma blåseinstrument med ventilar og lydtrekt som gir ein full, blaut tone og har stort toneomfang. I utvida tyding vert nemninga horn brukt om messingblåseinstrument, for eksempel eit hornorkester. Engelsk horn er derimot eit treblåseinstrument.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012