Hopp til innhold
X
Innhald

Ovovivipar

Ovovivipar er forplanting ved egg som held seg inne i mora sin kropp til dei vert klekte, eller som vert klekte under egglegginga eller like etterpå. Til vanleg får fosteret inga ekstra næring frå mora. Ovovivipar finn vi hos mellom anna ein del fiskar, slangar og øgler.
Ei anna form for forplanting er ovipare, som vi finn hos fuglar, der mora legg egg som vert klekte utanfor kroppen. Ei tredje form er vivipare, som vi finn hos pattedyr, der fosteret utviklar seg inne i kroppen til mora.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012