Hopp til innhold
X
Innhald

Polypp

Polypp vert i zoologien brukt om ei fastsitjande individform hos nesledyra. I medisinen er polypus ein stilka svulst eller ei svulstliknande danning av betent eller for sterk vekst av overflateepitelet i ei slimhinne. Ein polypp er sjeldan vondarta, men han kan vere plagsam. Polypp er elles ei vanleg nemning for adenoide vegetasjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012