Hopp til innhold
X
Innhald

Vengjer

Vengjer er i zoologien nemning for rørlege organ for flyging hos dyr. Hos flaggermus er vengjeflata ein hudfold mellom fram- og baklemmene. Hos fuglar er dei lange framlemene utstyrte med fjør. Hos insekt er vengjene spesialiserte hudfoldar som beveger seg ved hjelp av musklar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012