Hopp til innhold
X
Innhald

Vernelikskap

Vernelikskap inneber at visse dyr har ein farge eller ei form som gjer det vanskeleg å oppdage dei. Dette gjeld for eksempel den kvite pelsen til pattedyr når dei ferdast på snø. Ei spesiell form for vernelikskap, mimikry, går særleg ut på at eit forsvarslaust dyr etterliknar synlege eigenskapar hos eit frykta dyr. Vernelikskap er mest vanleg hos insekt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 22.08.2012