Hopp til innhold
Sau.

Foto: GeoAtlas, Lars Oddvar Bjørkeland
Sau. Foto: GeoAtlas, Lars Oddvar Bjørkeland
X
Innhald

Virveldyr

Virveldyr, Vertebrata eller Craniata, er ei avdeling, ei underrekkje, av ryggstrengdyr, sjå kordadyr. Gruppa omfattar alle dyr med meir eller mindre utvikla ryggrad og med sentralnervesystem på ryggsida av ho. Hjernen er omgitt av eit kranium.
 
Virveldyr vert inndelte i to grupper. Den eine gruppa er kjevelause, og inneheld to klassar: fossile urfiskar og nolevande rundmunnar. Den andre omfattar kjevemunnar med fem klassar: fiskar, amfibium, krypdyr, fuglar og pattedyr. Virveldyr omfattar over 40 000 nolevande artar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012