Hopp til innhold
X
Innhald

Vivipar

Vivipar (av latin vivus, levande og parere, føde) er eit omgrep som i zoologien vert brukt om ein organisme som føder ungar. Vivipar omfattar alle pattedyr med morkake og enkelte slangar, øgler, beinfisk, haiar og virvellause dyr.
 
I botanikken nyttar ein vivipar når nye plantar veks fram på morplanten. Ved ekte vivipari spirer frøa på morplanten, ved uekte vivipari vert det danna yngleknoppar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012