Hopp til innhold
X
Innhald

Zoologi

Zoologi (av gresk zoon, dyr og logos, lære) er læra om dyra og deira liv.
 
Feltet kan delast inn i fleire arbeidsområde, som anatomi (oppbygging), cytologi (cellelære) embryologi (fosterutvikling), forhold mellom dyr og miljø, systematikk og så vidare.
 
Zoologien er ein gammal vitskap, og Aristoteles vert rekna som ein av grunnleggjarane. Han omtalte om lag 500 artar og stilte opp det første systemet. Zoologien vart vidareutvikla på 1600-tallet ved at Malpighi grunnla den mikroskopiske anatomien, medan Leeuwenhoek oppdaga mikroorganismane og Swammerdam undersøkte bygnaden til insekta. På 1700-tallet skapte Linné ein ny systematikk.
 
På 1800-tallet grunnla Cuvier den samanliknande anatomien og paleontologien, medan Darwin forma utviklingslæra og Pasteur viste at liv ikkje oppstår spontant, slik ein hadde trudd tidlegare. Norsk zoologisk foreining har utgitt tidsskriftet Fauna sidan 1948.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012