Hopp til innhold
X
Innhald

Abyssinar

Abyssinar er ein katterase som kom til England frå Etiopia, det vil seie det tidlegare Abyssinia, om lag 1868. Rasen vart godkjend i 1882. Abyssinaren er korthåra, slank og middels stor, med avrunda, trekanta hovud, hals som er bøygd og store øyre med avstand. Han finst i fleire fargevariantar. Truleg er abyssinar den katterasen som er nemnd i egyptisk mytologi. Der var katten heilag og vart balsamert. Kjærleiksgudinna Bastet hadde kattehovud. Somali er ein identisk rase med lang pels.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.02.2013
Sist oppdatert: 19.02.2013