Hopp til innhold
X
Innhald

Antiloper

Antiloper er nemning på fleire grupper partåa hovdyr. Dei høyrer til slirehorndyra. Horna er overtrekte med ei hornslire, og dei vert ikkje felte. Antilopene liknar på hjorten, og dei er sky og raske dyr. Dei er særleg utbreidde i Afrika, men dei finst også i Sør-Asia. Antilopene et vesentleg gras. Dei grasetande artane omfattar vassbukkar og røyrbukkar, lyreantilope, kuantilope og gnuar. Hesteantilope, dvergantilope, gasellar og geiteantilope har eit meir variert kosthald. Kjend er den raske springbukken. Han har ei toppfart på 100 km/t. Impalaen kan hoppe tre meter høgt og ni meter langt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013