Hopp til innhold
Foto: "kilthbird" flickr.com CC BY-NC
Foto: "kilthbird" flickr.com CC BY-NC
X
Innhald

Aper

Aper, eller meir korrekt primatar eller herredyr, høyrer til ordenen Primates. Primatane vert til vanleg delte inn i tre underordenar. Det er ProsimiiTarsoidea, også kalla spøkjelsesaper, og Antropoidea, også kalla antropoidar eller ekte aper. Prosimii omfattar to overfamiliar, sjå halvaper og loriar. Tarsoidea ser ut til å vere ei sidegrein på utviklingslinja til høgare primatar, sjå spøkjelsesaper. Dei ekte apene kan delast inn i tre overfamiliar. Dei er breinaseaper eller vestaper, som berre finst i Mellom- og Sør-Amerika, smalnaseaper eller austaper, også kalla dyreaper, og hominoidar, som omfattar både menneskeliknande aper og menneske. Hominoidane vert ofte delte inn i tre familiar. Det er gibbonfamilien, som omfattar menneskeaper med orangutang, sjimpansar og gorillaer, ei rekkje utdøydde før- eller nærmenneske og den nolevande menneskearten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013