Hopp til innhold
X
Innhald

Bavianar

Bavianar er ei gruppe av store dyreaper med hovud som liknar på ein hund, og kraftige hjørnetenner. Dei lever hovudsakleg på bakken. Dei finst i flokkar i Afrika og Sørvest-Arabia. Det finst mange artar og underartar, blant anna kappebavianar, som var den heilage apa til dei gamle egyptarane, og hamadryasbavianar, som er den mest utbreidde arten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.03.2013
Sist oppdatert: 07.03.2013