Hopp til innhold
Foto: biblio Archives flickr.com CC BY
Foto: biblio Archives flickr.com CC BY
X
Innhald

Beverar

Beverar er to artar i slekta Castor. Dei er eurasiatisk bever og nordamerikansk bever. Eurasiatisk bever, Castor fiber, er mest utbreidd i Skandinavia og Russland. Han var nesten utrydda i Noreg omkring 1880, men bestanden har seinare auka. Beveren finst vesentleg i Sør-Noreg. Han er også vorten sett ut, blant anna i Trøndelag og i Finnmark. Han har ein kraftig kropp som er vel éin meter lang og korte bein. Han kan vege opptil 40 kg. Bakbeina har symjeføter. Beveren har tett pels og ein flat hale som er 25–50 cm lang. Han har god høyrsel og god luktesans. Beverane er typiske vassdyr, og dei byggjer hytter i vatn. Beverane er sky og forsiktige.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.03.2013
Sist oppdatert: 07.03.2013