Hopp til innhold
Foto:Harvard Museum og Natural History flickr.com CC BY -CN-SA.jpg
Foto:Harvard Museum og Natural History flickr.com CC BY -CN-SA.jpg
X
Innhald

Bisam

Bisam eller moskus er nemning på pelsverk av bisamrotta eller moskusrotta, Ondatra zibethicus. Ho stammar frå Nord-Amerika og vart innført til Europa i 1906. Ho har ei totallengd på vel 60 cm. Bisamrotta lever i vatn og kan gjere stor skade. Ho har breidd seg til Nord-Noreg frå Finland. Pelsverket vert kalla selbisam eller electric bisam etter at stikkelhåra er fjerna. Russisk bisam eller sølvbisam er pelsen av desman.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013