Hopp til innhold
Foto: Craig Bennett, flickr.com CC BY -NC.jpg
Foto: Craig Bennett, flickr.com CC BY -NC.jpg
X
Innhald

Bison

Bison høyrer til slekta Bison i oksefamilien. Dei er partåa hovdyr som tygg drøv. Amerikansk bison, også kalla buffalo, vart nesten utrydda av kvite innvandrarar i 1870-åra. Han vart så verna, og det finst no over 100 000 dyr. Opphavleg fanst det ca. 60 millionar individ. Visent, som er namnet på europeisk bison, vart utrydda i 1919. Dyr frå dyrehagar er sette ut i Polen og Russland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013