Hopp til innhold
Foto: "blackburnPhoto" flickr.com CC BY.jpg
Foto: "blackburnPhoto" flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Bjørnar

Bjørnar er rovdyr. Bjørnane går i vinterhi i kjølige strøk. Dei er utbreidde i Arktis, Nord-Amerika, Europa, Asia og Sør-Amerika.

Bjørnar er rovdyr. Det finst seks slekter med sju artar i familien Ursidae. Dei spring raskt og klatrar og sym godt. Bjørnane går i vinterhi i kjølige strøk. Dei er utbreidde i Arktis, Nord-Amerika, Europa, Asia og Sør-Amerika.

I Noreg vart det i 2011 registrert 151 brunbjørnen, Ursus arctos. Av desse var 51 hobjørnar og 100 hannbjørnar. Dei held vesentleg til i Hedmark og i grensestrøka mot Sverige i Trøndelag og Nord-Noreg. Bjørnen vert i vernesamanheng sett på som sårbar, og han er totalfreda hos oss.

Ein av artane er brunbjørn, der vi finn grizzlybjørn og kodiakbjørn. Dei vert inntil 3 meter lange. Vidare har vi isbjørn, der hannane veg inntil ca. 800 kg. Andre artar er svartbjørn, kragebjørn, malayabjørn og leppebjørn. Brillebjørn er den minste arten. Han kan verte 1,2 meter lang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.03.2013
Sist oppdatert: 14.10.2015